Vinterøving på Kvammadal 6.mars
Neste vinterøving på Røde kors hytta på Kvammadal er onsdag 6.mars. Oppmøte på depotet kl 18.00. Vi samordnar skyss derifrå.
Røde korshuset tek form!
Vinterøving ved Kvammadal på onsdagar
Nye og gamle medlemmar er velkomne til første vinterøving i Kvammadal onsdag 25.01.12. Oppmøte på depotet (Gamle Heradshuset) kl 18.00.
NB! Det er godt med snø frå Bjørgo til Kvammadal.
Bygging av lagshus godt i gang
Lagshuset vårt byrjar å ta form. Bilete er teke 18. januar.
Årshjulet for lokale røde kors og distriktet i Sogn og Fjordane
Nedanfor finn du link til informasjonskriv med planlagte aktivitetar i regi av distriktet i 2012. Informasjonen omfattar fylkesdekkande kurs og planlagte møte [les meir]
Årsmøte 28.januar 2012
Røde kors Aurland inviterer alle medlemmar til årsmøte laurdag 28.januar kl 18.30 på Sognaporten. Vanlege årsmøtesaker. Frist for å melde inn ekstra saker til årsmøtet er 22. januar.
Etter årsmøtet ca kl 20.00 blir det middagsbuffet og sosialt samvær. Påmelding for middagasbuffet innan 22.januar til Steinar Grønsberg (95979926) eller Arne Løland (90884634).
Middagen er gratis for aktive medlemmar. Medlemmar kan ta med følgje. Andre medlemmar eller følgje betalar 245 kr for middag.
Vel møtt!
-styret-
Storkurshelg
Det vert storkurshelg i Sogn og fjordane den 18 og 19 november på Skei.
Sjå på aktivitetsplan. Meld frå til Steinar innen 18.okt. om du har lyst å delta.
Lagshus
Det er no klart for oppstart av bygging av lagshus. Alle avtalar er no på plass og utgraving av tomta starta opp med det første. Grunnmuren skal stå ferdig før jul.
NM i førstehjelp 2011
Sogn og Fjordane Røde Kors skal arrangera NM i førstehjelpdisiplinar i Førde 2.-4/9-2011.
I samband med arrangementet trengs det personar til mange arbeidsoppgåver( markørar, vakthald, servering, osv. )Har du høve til å vera med? ta kontakt med Arne Løland helst innan 10.01.2011.
Det vil vera ei lærerik oppleving.
Tilskot til lagshus
Aurland Sparebank har gitt kr 500.000 i støtte til bygging av lagshuset vårt på Ohnstad. «Til beste for bygda» -akkurat som vi! Tidlegare har Aurland kommune løyvd kr 800.000 til samme føremål.
Styret og byggjenemnda jobbar vidare med finansieringa.
Aurland Røde Kors har i fleire år ynskt å få eit eige lagshus. I vår ordna det seg med eigna tomt på Ohnstad. Vi har no også fått eit utkast til teikningar… Kanskje kan vi snart sette spaden i jorda?
Vi glade for at så mange er positive til planane våre.


