Historikk

Hjelpekorps back to top

Korpset vart starta 9. desember i 1951. Initiativtakar var lege Einar Brekke, som var på eit skistevne på Myrdal der han assisterte som rennlege. Der kom han i kontakt med ingeniør Solheim som var formann for Sogn og Fjordane distrikt av Norges Røde Kors. Det vart soleis teikna ei liste over interesserte personar som ville vera med å starta opp korpsarbeid.

Distriktet sette som krav at det måtte vera minst 16 deltakarar for å senda ein instruktør til Aurland. Responsen var god og det teikna seg 20 interesserte. Reiseinstruktør G. Johannessen heldt eit kort kurs om førstehjelp og om organisasjonen NRK Hjelpekorps. Då dette var nær inntil jul vart det ikkje gjort meir då, men etter jul kom medlemmane saman til møte, og eit styre vart valt.

  • Medlemmar i det første styret var: Trond Ohnstad, Einride Skjerping, Kåre H. Ohnstad, Hans Bugge Moe, Johan Torkhildsen,
  • Varamedlem: Sigurd Bøe og Ingvald Stigen.
  • Korpssjef: Trond Ohnstad.
  • Medlemmar elles var: Arne Ohnstad, Ingvar Aasen, Kjell Karlsen, Erlend Winjum, Ola Tønnessen, Ola Thy, Torstein Åsen, Arne Simlenes og Torleiv Gjerløv.
  • Reservar: Kåre Veum, Håkon Lie, Arne Sunde, Torstein Wangen, Erling Vikesland og Ragnar Winjum.

Korpset hadde samling ei gong i veka, der oppgåva i starten vart gjennomgang av handboka for Hjelpekorps. I tillegg hadde Einride Skjerping opplæring i kart og kompass.

11. april 1955 (3. påskedag) fekk hjelpekorset ein krevjande aksjon. Ein familie vart meldt sakna frå Mjølfjell. Dei var sist sett oppe på Fossdalsskavlen 1. påskedag . Åtte personar reiste frå Leina opp til Øyane. I selet til Heimdal var det pause med tørking av klede før turen gjekk vidare. Veret var ikkje det beste. Nils Heimdal var med som kjentmann, og det skulle visa seg å vere viktig. Kjentmannen kunne syne mannskapet dei kortaste løypene og dei mest aktuelle søkeområda.

Turen gjekk vidare til Vassete, og her vart dei enige om å dela seg i to lag. Halvparten skulle overnatta der, og resten skulle gå til Soleifletene for å overnatta. På vegen dit skulle dei stikka innom Tyrva. Dette skulle visa seg å vera eit heldig val, for den sakna familien hadde teke seg inn der i uveret, og alle var i god behold. Det tok endå ei natt og ein dag til før dei var tilbake på Mjølfjell, så dette vart ein lang dagstur. Korpsa som deltok i denne leiteaksjon var: Bergen, Laksevåg, Myrdal, Aurland, Fana, Voss og Os. I ettertid kom det helsing og brev frå både familien og frå Norges Røde Kors med takk for innsatsen. I tillegg kom det kr. 700 til deling.

9. mars 1968 starta hogging av tømmer i Liamarka/ Vikeslandåsen til hytta på Kvammadal. Det skulle visa seg at det gjekk tregt med å få tømmeret til veg, og å få det saga. I 1979 fekk korpset kjøpa brakkeriggen på Klæå hjå Furuholmen for kr. 5000. Også no gjekk det heller seint med å koma i gang med bygginga, men i 1985 var hytta klar til bruk.

Den første snøscooteren kjøpte korpset i 1973 for kr. 15 000. Det var ein tobelta Bamse.

13. september i 1977 starta korpset opp med eit ambulansekurs. Kurset hadde tretten deltakarar, og bilen var då allerede komen og var teken i bruk.

10. april i 1988 vart det første kurset for besøksteneste halde. Det var då 11 år sidan distriktssekretær Hornes første gong hadde spurt om korpset kunne tenkja seg å starte opp denne aktiviteten.

Besøksteneste back to top

I det herrens år 1988 dato 8. februar vart det sendt ut brev til alle lag og organisasjonar i  kommunen frå Hjelpekorpset. Det var invitasjon om at me skulle prøve få i stand besøksteneste. Som eit resultat av gode tilbakemeldingar, var det alt den 9. og 10. mars halde kurs for atten spente deltakarar.

Kursholdarar var Ingvald Hornes og Kristine Kvåle frå fylket, saman med Gerd Døskeland Hansen Åge Hansen og Leif Inge Steine frå Aurland. Leiar i hjelpekorpset, Steinar Grønsberg, sytte saman med andre frå korpset for mat desse dagane. Etter endt kurs vart det delt ut kursbevis og nåler, samt underskriving av kursbevis – 18 besøksvenner var klare.

Styret vart valt:

  • Leiar Karin Andresen
  • Nestleiar Gerd Aas
  • Sekretær Agnes Almenningen
  • Kasserar Kari Løland
  • Varamedlemmar Gerd Stave og Johanna Beck Flåm

Me gjekk på og var svært kreative. Dei fleste fekk seg besøksvenn, men me måtte og ha kapital. Frå fylket fekk me ein start på kr 1500, i tillegg til fekk me støtte frå kultur- og sosialkontoret. Me arrangerte kakelotteri og seinare loddbok. Besøkstenesten hadde også kafeteriaen på hjelpekorpset sin årlege marknad.

Av oppgåver og tilstellingar kan det nemnast kosekveldar på boligane i Flåm, fylgje eldre/uføre på ulike samankomstar som pensjonistmøter og liknande.  Me var også på Aldersheimen annakvar sundag på kaffibesøk, der me samla alle på huset som ville vera med. Seinare har me vore litt på Helsetunet.

Sidan 1992 har me arrangert årlege dagsturar for personar over 60 år. Det har vore kortare turar tilrettelagt for alle uansett handikap. I 1994 hadde me fyrste adventsfesten. Den vart halden i Aurland idretts- og samfunnshus  Frå 1996 har det svært vellukka arrangementet vore på Furukroa i Flåm, med om lag hundre påmeldte kvart år.

1998 starta me med sal av kalendrar med gamle og litt nyare bilete frå kommunen. Dette er ei viktig inntektskjelde for besøkstenesten,

Me har delteke på årsmøte og tillitsmannsamlingar på fylket. To medlemmar deltok også på landsmøtet i Bodø -  ei oppleving for livet.

Besøkstenesten har vinterfadderbarn i Russland

Sidan oppstarten har me hatt mange kurs og fått mange nye besøksvenner. Det siste kurset var  i 2003. Har du lyst å vera med? Ta kontakt, så får me gjerne til nye kurs.