Vinterøving ved Kvammadal på onsdagar

Nye og gamle medlemmar er velkomne til første vinterøving i Kvammadal onsdag 25.01.12. Oppmøte på depotet (Gamle Heradshuset) kl 18.00.

NB! Det er godt med snø frå Bjørgo til Kvammadal.

Bygging av lagshus godt i gang

Lagshuset vårt byrjar å ta form. Bilete er teke 18. januar.

bilete av lagshuset 18.01.12

Foto: Arne Løland

Årshjulet for lokale røde kors og distriktet i Sogn og Fjordane

Nedanfor finn du link til informasjonskriv med planlagte aktivitetar i regi av distriktet i 2012. Informasjonen omfattar fylkesdekkande kurs og planlagte møte [les meir] 

Årsmøte 28.januar 2012

Røde  kors Aurland inviterer alle medlemmar til årsmøte laurdag 28.januar kl 18.30 på Sognaporten. Vanlege årsmøtesaker. Frist for å melde inn ekstra saker til årsmøtet er 22. januar. 

Etter årsmøtet ca kl 20.00 blir det middagsbuffet og sosialt samvær. Påmelding for middagasbuffet innan 22.januar til Steinar Grønsberg (95979926) eller Arne Løland (90884634).

Middagen er gratis for aktive medlemmar. Medlemmar kan ta med følgje. Andre medlemmar eller følgje betalar 245 kr for middag.

Vel møtt!

-styret-