Tilskot til lagshus
Aurland Sparebank har gitt kr 500.000 i støtte til bygging av lagshuset vårt på Ohnstad. «Til beste for bygda» -akkurat som vi! Tidlegare har Aurland kommune løyvd kr 800.000 til samme føremål.
Styret og byggjenemnda jobbar vidare med finansieringa.
Aurland Røde Kors har i fleire år ynskt å få eit eige lagshus. I vår ordna det seg med eigna tomt på Ohnstad. Vi har no også fått eit utkast til teikningar… Kanskje kan vi snart sette spaden i jorda?
Vi glade for at så mange er positive til planane våre.
Julelotteriet
Det nærmar seg advent og Aurland Røde Kors Hjelpekorps sitt populære julelotteri. Loddsal på dørene blir primært 4. og 5. november. Restsal ved Essoen frå 10. november.
Trekning kvar dag i advent. Mange flotte premiar! Premiane er sponsa av lokale verksemder. Hovudpremien julafta er ein gåvesjekk på kr 10.000.
Dagleg trekning vert kunngjort i Sogn Avis.
Ho!Ho! frå lotterinemnda
Røde Kors på Facebook
Sjekk ut Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps på Facebook [link her]
DHLR kurs 8.desember
Hjelpekorpset arrangerer hjartestartarkurs for medlemmar onsdag 8. desember 2010. Ti plassar, først til mølla gjeld. Påmelding til Arne Løland.
