2.pinsedag – søk etter sakna person

leiting-voldedalen-1904-0141

Atter ein dag har medlemmar ( 13 stk. ) i ARKH brukt på å prøva å finna den sakna Dansken i området rundt Blåskavlen, røyrgrind, voldedalen, leimsdalen, blåskavlabotn utan hell. Dette begynnar å verta eit lite mysterium for oss og sikkert for andre også. Me delte oss inn i lag og gikk nøye igjennom området og kikra godt. I Voldedalen er det enda mykje snø, så nå vil me avventa med nye søk til enda meir snø får smelta bort.Me vil oppfordra folk som ferdast i område i fjellet og ha i tankane at dei plutseleg kan finna noko, og dersom dei ser noko som kan ligna det me leitar etter så ta kontakt med politi eller røde kors. Hugs å merk nøye av på kart kor det er, gjerne ein kartreferanse.

Leiteaksjon rundt blåskavelen

leiting-voldedalen-1904-0111

Stor takk til alle medlemmar og bygdafolk  som var med  under  leiteaksjonen etter sakna danske. Ein ser kor viktig det er å ha ein beredskap som kan ta seg fram i fjella våre og samtidig ha eit rutinert ko som organiserer og legg ting til rette nede i bygda. Det er godt å vite at når alvoret gjeld så stiller folk opp på kort varsel.