Roleg Påske på Kvammadal
Påskeafta skulle verta «findagen» med stor sol! og eg var glad eg hadde takka ja til denne vakta….men sola glimta til med sitt fråver…. Tross overskya og vind vart parkeringsplassen nesten full og ut på tur med retning storhovd! Ola tok seg av flaggheising, kaffikoking og henting av ved og slike praktiske ting. Me laga ein camp framme ved parkeringsplassen og kunne friste med nysteika vaffel på bål,- Utfordringa til neste år er: korleis hindre at bålet fer langt ned i bakken?
1.påskedag ausa det ned, men Kari og Erling som har fast vakt denne dagen trossa ver og vind.
Alle var einige om at det har vore ei stille påske…..
Skredkurs – Hafslo, ei helg i mars.

Steinar i søk.
Ein litt «frisk» laurdag morgen på veg opp skitrekket på Hafslo. Snøen lava ned og me skal sjå på snøprofil og vurdere terrenget- rasfarleg eller ikkje? Det har kome mykje snø dei siste vekene og me må grava godt ned for å sjå forandringar i snølaga. Me lærte om organisering i søk, hund i søk, bruk av sendar/mottakar, søkestong, merking osv, men også TEMPO, TEMPO, TEMPO!, me må vera rask, sekundane tel. Innstruktørane var dyktige og svarte på spørsmål til langt på laurdagskvelden. Sundag morgen var det igjen å tvihalda
på den kalde metallstanga som dro oss opp til topps. Nå var det alvor og eit snøskred venta på oss. Gult lag og Grønt lag fikk kvar sin gong gjennomføre og organisera søket. Politiet var også på plass i terrenget og tok sin rolle som skadestadsleiar. Heile tida var det rom for spørsmål og diskusjon – veldig lærerikt!
