Tippar du?

grasrotandelen frå 1. mars Fra 1. mars 2009 kan du støtte Aurland Røde Kors Hjelpekors når du tippar. Ved å velgje  Aurland Røde Kors Hjelpekorps som mottakar for «grasrotandelen» støttar du oss med fem prosent av beløpet du tippar for -utan at de kostar deg noko ekstra!

 Spør i butikken eller finn informasjon om grasrotandelen på www.grasrotandelen.no  eller www.Norsk-tipping.no

 

På førehand takk!

Føresetnad for at lag og organisasjonar skal kunne motta din grasrotandel er at dei har registrert seg i «frivillighetsregisteret».

Medlemsmøte 31. mars

Neste medlemsmøte i Hjelpekorpset vert 31. mars. Oppmøte på Heradshuset kl 19.30. Tema på møtet blir mellom anna påskevakt på Kvammadal og framlegg til ny organisasjonamodell for Aurland Røde Kors.

medlemsmøte

Førstehjelpsprøven

Det  vert høve å ta førstehjelpsprøven  måndag 16.03.09. Ta kontakt med Ola eller Arne for meir informasjon.

Vinter C kurs

Det vert arrangert vinter C kurs på Kvammadal 13-14.03.09. Oppmøte depoet fredag 13  mars kl. 17.30. Påmelding til Marianne tlf. 90512978 innan torsdag 12 mars. Trenger du pakkeliste kan dette sendast  ut på e-mail.