Distriktsmesterskap for hjelpekorps 2009
Distriktsmesterskapet for hjelpekorps i Sogn og Fjordane vert i år i Førde, helga 5.-7. Juni.
Vi ønskjer allereie no å danne oss eit bilete av kor mange som kan tenka seg å vera med på DM. Kanskje Aurland kan stilla lag? Dersom Aurland Røde Kors Hjelpekorps skal stille med eit lag, treng vi 6 personar. Ønskjer du å delta? Gi melding til Gunnar så fort som mogeleg.
Meir informasjon samt bindande påmelding vil kome utover våren.
Fagkalender 2009-2010
Informasjon om sentrale fagkurs i 2009 og 2010 [her].
Vi oppmodar medlemmane om å ta kontakt med leiinga i korpset dersom dei er interesserte i å delta på sentrale fagkurs.
Infobrev frå Norges Røde kors hjelpekorps
Les infobrevet frå januar 2009 [her]
Vinterøving
Nå er me i gang med med vinterøvingar på Kvammadal. Annakvar onsdag møtes me på depoet klokka 18.00.
Onsdag 25 februar vert tema GPS-navigering. Vel møtt:-)
Påmelding skredkurs
5.-7. mars arrangerer Sogn og Fjordane Røde Kors skredkurs på Hafslo.
Påmelding til administrativ leiar Steinar Grønsberg tel 95830053 innan 21. februar.
Velukka GPS-kurs
Det viste seg å vera stor interesse for GPS opplæring i hjelpekorpset. Heile 21 deltagarar fullførte kurset som gjekk over tre kveldar på 3 timar.

