Heim

Røde Kors sin grunnleggande idé er at vi som menneske har ansvar for kvarandre. Ved å hjelpe gir vi eit handslag til andre. Samstundes bidreg vi til eit tryggare og betre samfunn.

Røde Kors står for medmennesklegheit og respekt for einskildmenneske. Vi hjelper dei som treng det aller mest, utan omsyn til nasjonalitet, hudfarge, tru eller politisk ståstad.

Aurland Røde Kors består av to frittståande spesialavdelingar:

Aurland Røde Kors Hjelpekorps og Aurland Røde Kors Besøksteneste.


Siste nyhende

Vinterøving ved Kvammadal på onsdagar

Nye og gamle medlemmar er velkomne til første vinterøving i Kvammadal onsdag 25.01.12. Oppmøte på depotet (Gamle Heradshuset) kl 18.00.

NB! Det er godt med snø frå Bjørgo til Kvammadal.

Bygging av lagshus godt i gang

Lagshuset vårt byrjar å ta form. Bilete er teke 18. januar.

bilete av lagshuset 18.01.12

Foto: Arne Løland

Årshjulet for lokale røde kors og distriktet i Sogn og Fjordane

Nedanfor finn du link til informasjonskriv med planlagte aktivitetar i regi av distriktet i 2012. Informasjonen omfattar fylkesdekkande kurs og planlagte møte [les meir]